I Mjøsvågen, Hosanger finn du Landhandleriet som er tufta på gamle tradisjoner i bygda. I lokala på kaien var det tidlegare metallstøyperi, og i mini-museet i butikken kan du få eit glimt av drifta som var. Landhandleriet har blitt samlingsplass både for bygdefolk og tilreisande.

Hjå oss finn du det meste

  • Daglegvarer og lokalprodusert mat som geitost, geitepølse, hjortepølse. Gode Hardangerprodukt som most, syltetøy, plommer o.l. Kjeks, ost og ymse gåveartikler.
  • I vår vesle kafé i butikken kan du nyta fersk påsmurd bakst, kaker o.l. Nyt gjerne maten på kaien i finvær.
  • På bestelling serverer me lunch til grupper, og kan frå våren 2019 også tilby trivelege møtelokaler.
  • Eiga gjestebrygge m. toalett, dusj og vaskemaskin.

KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:
Mjøsvågen Landhandleri AS, Osterøyvegen 2142, 5282 Lonevåg
Telefon butikk: 94092694, mail: landhandel@5252hosanger.no
Kontaktperson: Randi Nordås, butikkstyrar. Tlf. 414 59 188