Kleiveland Gard har mektig natur, ro og fine stader for rekreasjon på land og sjø. Området ved den gamle dampskipskaien er no offentleg friluftsområde. Me som driv Kleiveland Gard har restaurert den gamle låven fra 1890-talet. Den står i dag fram som eit godt eigna selskapslokale. Låven er utstyrt med peis, Wifi, musikkanlegg og anna teknisk utstyr.

Her serverer me mat og drikke og fortel om liv og levemåte i gamle dagar, blant anna om laksefiske med gilje og sitjenot. Sesong: mai – september etter avtale. For interesserte kan lokal skyssbåt tingast for båttur til for eksempel laksegiljene på Askildneset, Tjuvabeget eller fjordtur rundt Paddøy.

KLEIVELAND GARD PASSAR GODT FOR:

  • Feiring av fødselsdagar
  • Turist – og pensjonisttreff
  • Samling for lag og organisasjonar
  • Låvedans og intimkonsertar
  • Seminar for verksemder
  • Båttur på fjorden etter avtale med lokal skyssbåt
  • Båttur med omvisning til laksegiljene på Askildneset
  • Fjelltur med guide

KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:
Osterøyvegen 3842, 5284 Tyssebotnen – Vertskap: Ingfrid & Erling
Ring oss på tlf. 91182929/56395441 eller send ein mail til: erlkleiv@online.no